Informasjon om prosjekttittel 'Ein studie på effekten av to ulike styrkeøvingar for å utvikla maksimal styrke i hamstrings hjå mannlege fotballspelarar'
Ein studie på effekten av to ulike styrkeøvingar for å utvikla maksimal styrke i hamstrings hjå mannlege fotballspelarar
Detaljer om prosjektet - kategori | Detaljer om prosjektet - verdi |
---|---|
Prosjektstatus: | Published |
Prosjektleder: | Roald Mjølsnes |
Veileder(e): | Roald Bahr |
Medarbeider(e): | Jostein Hallèn, Truls Raastad, Arni Arnason |
Beskrivelse
Bakgrunn: Hamstringsstrekk er den mest vanlege akutte skaden i elitefotballen både i Noreg og på Island (Arnason 2001). Dette prosjektet byggjer på hypotesen om at manglande hamstringsstyrke er ein viktig årsaksfaktor for hamstringsstrekk (t.d. Orchard et al 1997). Spørsmålet er kva for ei styrkeøving som er mest effektiv av Nordic Hamstrings og Hamstringscurl for byggja opp maksimal styrke hjå mannlege seniorspelarar i fotball.
Metode: 20 personar rekruttert blant studentar ved Noregs Idrettshøgskule blir blokkrandomisert til ei Nordic Hamstrings (NH)- og ei Hamstringscurl (HC)- gruppe. Begge gruppene skal trena tre gonger i veka i 10 veker. Alle personane skal gjennomføra ein pretest og ein identisk posttest for å måla styrkeutviklinga frå treningsperioden. Testprotokollen består av tre ulike styrketestar i Cybex 6000: Konsentrisk quadriceps på 60°/s, eksentrisk hamstrings på 60°/s og isometrisk hamstrings på 90°, 60° og 30°. Konsentrisk quadriceps blir målt for å få eit uttrykk for forholdet (ratio) mellom hamstrings og quadriceps.
Treningsprotokollen er lik i begge gruppene. Begge startar med 2 seriar av 6 repetisjonar, og aukar gradvis treningsmengda til 3 seriar av 8-12 repetisjonar. HC blir gjennomført i ein tradisjonell hamstringscurlmaskin. NH blir gjennomført frå kneståande med ein partnar som fikserer føtene til underlaget. Frå denne utgangsstillinga lener ein seg framover til brystet rører underlaget, og med armane skyv ein seg tilbake til utgangsstilling. Begge øvingane har ein eksentrisk og ein konsentrisk fase med sterkast fokus på den eksentriske fasen i NH og den konsentriske fasen i HC.
Konsekvensar: Dersom NH er like effektiv eller meir effektiv enn HC for å utvikla maksimal styrke hjå fotballspelarar, vil NH kunna vera eit effektivt og praktisk hjelpemiddel for å forebyggja hamstringsstrekk hjå fotballspelarar.
Resultata på posttest synte klare forskjellar i effekten av dei to treningsøvingane. NH-øvinga gav signifikant framgang i eksentrisk hamstringsstyrke målt med vinkeltempo 60° og i isometrisk hamstringsstyrke målt med kneet 90, 60 og 30° frå full utstrekking. HC-gruppa synte ingen signifikante effektar på dei same variablane. På bakgrunn av desse resultata blir det konkludert med at NH-øvinga er meir effektiv enn HC-øvinga for å utvikla maksimal styrke i hamstrings hjå fotballspelarar.